Aktuelt

Vitskapleg publisering innafor oftalmologi i perioden 2004-2007

Av Lars-Petter Jevnaker. Publisert 01.10.09.

Publiseringspoeng, oftalmologi, 2004-2007

Medisin er eit felt med ein stor portefølje av vitskaplege publiseringskanalar og det er samstundes ulik storleik på dei underordna fagdisiplinane. Tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) gjer oss i stand til å fanga opp trendar og tendensar innafor den vitskaplege publiseringsaktiviteten. Ved til dømes å stilla opp publiseringspoeng totalt mot publiseringspoeng oppnådd i ein spesifikk kanal, får ein eit inntrykk av kor sentral sistnemnde er for disiplinen og eit bilete av korleis publiseringsaktiviteten har utvikla seg. Innafor den medisinske disiplinen oftalmologi (augesjukdomar) er det høgast publiseringsfrekvens innafor tidsskriftet Acta Ophthalmologica Scandinavica (AOS). NTNU og UiO dominerer til ei viss grad her, men uavhengig av institusjon ser ein at AOS veks med omsyn til publiseringspoeng. I 2007 utgjer publisering i AOS nærare 50 prosent av publikasjonspoenga som er oppnådd innafor feltet for UiO og NTNU. For UiB er det derimot slik at alle publiseringspoeng oppnådd innafor feltet i 2007 er oppnådd i publiseringskanalen AOS.

Til sist ser ein her at alle dei fire universiteta som har medisinske fakultetet, publiserer under feltet augesjukdomar. Datagrunnlaget for denne illustrasjonen er tilgjengeleg for alle på http://dbh.nsd.uib.no/pub/.

Flere saker er tilgjengelige i arkivet for aktuell statistikk.