Aktuelt

Meir internasjonalisering i høgare utdanning

Av Kristina Espeseth. Publisert 13.06.14.

I løpet av dei ti siste åra har talet på studentar med utanlandsk statsborgarskap som tek heile eller delar av utdanninga si i Noreg auka med 92 prosent, viser tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). På same tid har talet på utreisande utvekslingsstudentar auka med 72 prosent.

Figur 1
Figur 1: Utvikling i talet på utanlandske grads- og utvekslingsstudentar i Noreg, samt norske studentar på utveksling i utlandet, siste ti år. Utanlandske studentar er alle studentar med utanlandsk statsborgarskap som studerer i Noreg, og inkluderer innreisande utvekslingsstudentar og kvotestudentar.
Figur 2
Figur 2: Oversikt over innreisande utvekslingsstudentar og kvotestudentar, fordelt på verdsdel i 2013 (vår- og haustsemesteret). Individbaserte avtaler er ikkje tatt med. Dette er avtaler mellom heimeinstitusjon og vertsinstitusjon om førehandsgodkjent studieopphald som ein del av graden ved heimeinstitusjonen.

I 2013 kom 7 125 utanlandske studentar til Noreg, som utvekslings- eller kvotestudentar. Eit stort fleirtal av desse (75 %) kom frå Europa, etterfølgt av Asia (10 %) og Nord-Amerika (5 %).

Av dei ti landa flest norske studentar drar på utveksling til, har sju land engelsk eller skandinavisk som offisielt språk. I toppåret 2012 var heile 1 267 norske studentar på utveksling til USA, som sidan 2006 har skilt seg ut som det mest populære destinasjonslandet.

Figur 3
Figur 3: Oversikt over dei ti mest populære destinasjonslanda for norske utvekslingsstudentar per 2013. Individbaserte avtaler er ikkje tatt med.

På same tid som talet på utanlandske studentar i Noreg nesten har dobla seg, har den totale studentmassen berre auka med 20 prosent. Dette viser at sjølv etter at ein har justert for generell vekst i studentmassen er det ein klar tendens til meir internasjonalisering i universitets- og høgskulesektoren.

Datagrunnlaget er tilgjengeleg for alle på http://dbh.nsd.uib.no/statistikk/.

Flere saker er tilgjengelige i arkivet for aktuell statistikk.