Aktuelt

Internasjonal studentaktivitet i universitets- og høgskulesektoren

Av Lars-Petter Jevnaker. Publisert 25.10.11.

Studerer ein studenttal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) i perioden 2007-2010 er det tendens til svak vekst i aktiviteten på internasjonal side.

Over tid syner DBH-tal for tre faktorar innafor internasjonalisering positiv vekst, jamfør figuren under. Tilbodet av framandspråklege utdanningstilbod aukar og gjer institusjonane rusta til å ta i mot internasjonale studentar. I same periode ser ein jamvel auke i to andre kategoriar, nemleg innreisande utvekslingsstudentar og utanlandske studentar. Innreisande utvekslingsstudentar er studentar som, via eit definert avtaleprogram, oppheld seg minst tre månader ved ein institusjon. Utanlandske studentar er studentar med utanlandsk statsborgarskap som studerer ved ein norsk lærestad og som er registrerte på eit studieprogram ved ein av desse.

Stolpediagram
Framandspråklege utdanningstilbod, innreisande utvekslingsstudentar og utanlandske studentar 2007-10.

Merk at framandspråklege utdanningstilbod er undervising på anna språk enn norsk og eksklusivt språkfag.

Datagrunnlaget for illustrasjonane er tilgjengeleg for alle på http://dbh.nsd.uib.no/statistikk/.

Flere saker er tilgjengelige i arkivet for aktuell statistikk.