Aktuelt

Nedgang i veksten for publikasjonspoeng i Universitets- og høgskulesektoren

Av Benedicte Løseth og Lars-Petter Jevnaker. Publisert 06.05.11.

Institusjonane i universitets- og høgskulesektoren rapporterte 1. april 2011 inn data for vitskapleg publisering 2010 til DBH. Tal frå DBH syner oss at veksten i produksjonen av publikasjonspoeng har gått ned frå 2009 til 2010. Samla sett for sektoren er auken berre 4,6 prosent medan han frå 2008 til 2009 var 9,2. For universiteta sin del er tendensen den same då veksten er på 3,6 prosent frå 2009 til 2010 og 7,1 året før.

Prosentvis auke og nedgang i publikasjonspoeng for universiteta 2010

I figur 1 har ein valt å studera universiteta ettersom dei har det største publiseringsvolumet. Institusjonane frå høgskulesida har eit mindre volum, noko som gjer at ein liten auke i talet på publikasjonar gjev ekstreme utslag i endringsprosenten.

I korte trekk ser ein ut frå figur 1 at dei gamle universiteta, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø og Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, syner stor grad av stabilitet. Derimot finn ein dels kraftig auke i aktiviteten ved dei nye universiteta. Universitetet i Agder har ein auke på over 50 prosent medan Universitetet for miljø- og biovitenskap ligg nært ein auke på 20 prosent. Fjorårets "vinnar", Universitetet i Stavanger, har ikkje same vekst som frå 2008 til 2009 (31,5 prosent). Litt av forklaringa på den høge auken er at volumet totalt sett på publisering ved dei nye universiteta fortsatt er noko lågare enn ved dei andre universiteta. Tala kan likevel tyda på at dei nye universiteta har møtt forventingar om meir forskningsaktivitet. Forskningskomponenten er ikkje berre viktig for økonomisk utteljing i finansieringssystemet, men også sentral for å syna den generelle forskningsaktiviteten for kvar enkelt institusjon, og i sektoren.

Universitetet i Nordland er ikkje med i denne samanhengen ettersom datagrunnlaget er frå 2010 og dette universitetet vart etablert 1. januar 2011.

Datagrunnlaget for illustrasjonen er tilgjengeleg for alle på http://dbh.nsd.uib.no/pub/.

Flere saker er tilgjengelige i arkivet for aktuell statistikk.