Aktuelt

UH-institusjonar har i snitt interesser i fire føretak

Av Lars-Petter Jevnaker. Publisert 31.01.11.

DBH samlar informasjon om alle aspekt ved verksemd på norske universitet og høgskular, slik som til dømes data om studentar, forsking og økonomi. I tillegg til desse datakategoriane omfattar DBH òg selskapsdata. Dette er data som til ei kvar tid syner kva føretak dei statlege institusjonane har interesser i. Hovudsakleg omfattar det aksjar i verksemd som er engasjert i forskings- og utviklingsaktivitet.

Tal frå selskapsdatabasen i DBH syner ikkje berre kvantitative aspekt ved denne aktiviteten, men òg ein del kvalitative moment. Selskapsdatabasen gjev eit komplett oversyn over alle desse aksjeselskapa med omsyn til blant anna styresamansetjing, rekneskap og eigarinteresser.

Studerer ein tabellen under får ein eit oversyn over kor mange eigarpostar universiteta og dei statlege høgskulane har per dags dato. I gjennomsnitt har UH-institusjonar som er registrert med aksjepostar interesser i fire føretak. Flest eigarpostar finn ein hjå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) og ved Universitetet i Bergen (UiB). Blant dei 12 eigarpostane som er kopla til NTNU finn ein i hovudsak føretak som er knytte til forskingsaktivitet, som til dømes NTNU Samfunnsforskning AS, NTNU Technology AS, HUNT Biosciences AS og andre. Nokre av dei statlege UH-institusjonane har sams interesser, noko ein ser hjå blant anna UiB og Norges Handelshøyskole som båe har interesser i Samfunns- og næringslivsforskning AS.

Meir om selskapsdatabasen finn ein på http://dimp.nsd.uib.no/selskap/.

Tal på eigarpostar for statlege UH-institusjonar
Figuren syner talet på føretak der universitet og statlege høgskular har aksjar.

Flere saker er tilgjengelige i arkivet for aktuell statistikk.