Aktuelt

Publikasjonspoeng og avlagte doktorgrader ved dei norske universiteta 2007-2009

Av Lars-Petter Jevnaker. Publisert 01.10.10.

To sentrale parameter i samband med den resultatbaserte omfordelingsmodellen er publikasjonspoeng og avlagte doktorgrader. Begge desse kategoriane kan samanliknast på tvers av institusjonar og vert difor nytta som mål på forskingsaktivitet og forskarutdanning.

Med få unntak er det universiteta i landet som kan tildela doktorgrader, og figurane under syner difor volum for denne kategorien over ein treårsperiode.

Publikasjonspoeng ved norske universitet 2007-2009
Figur 1 syner oss at alle dei norske universiteta har hatt ein auke i produksjonen av publikasjonspoeng i perioden som her er lagt til grunn.
Nye doktorgrader 2007-2009
Figur 2 syner oss at alle dei norske universiteta har hatt ein jamn produksjon av doktorgrader i same periode.

Med berre få unntak ser ein at universiteta veks både når det gjeld publisering generelt og at talet på nye doktorgrader tenderer mot å auka jamt over. Det er ikkje slik at det treng å vera ein samanheng mellom desse storleikane, men det kan vera interessant å stilla dei opp mot kvarandre.

Når det gjeld prosentvis auke er det Universitetet i Stavanger som aukar mest i høve publisering med ein auke på 35 prosent frå 2008 til 2009. Denne institusjonen aukar i tillegg på doktorgradssida med ein vekst frå 12 doktorgrader i 2008 til 29 året etter. I prosent utgjer det heile 141,7. Ein skal ikkje her søkja å forklara årsakene til endringane hjå institusjonane, men ein kan tenkja seg at dess fleire kandidatar som kjem i mål med doktorgraden dess fleire artiklar vert akseptert og trykt; slik at det gjev grunnlag for rapportering. Med andre ord kan ein sjå føre seg ein viss samvariasjon. Jamfør til dømes formulering frå regelsamlinga til Det helsevitskaplege fakultet, Universitetet i Tromsø: "Omfanget av doktorarbeidet skal være slik at graden kan oppnås ved forskningsinnsats tilsvarende 2.5 årsverk. En doktoravhandling bør som hovedregel bestå av 3 vitenskapelige artikler der minst en er publisert eller akseptert for publisering i referee-baserte internasjonale tidsskrift, hvor kandidaten som hovedregel er førsteforfatter på artikkelen. Øvrige artikler må være publiserbare."

Datagrunnlaget for illustrasjonane er tilgjengeleg for alle under egne analyser.

Flere saker er tilgjengelige i arkivet for aktuell statistikk.